Slik kan regjeringa sprengje byrådet i Bergen

Kva viss det faktisk kjem pengar til den banen?

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) opna bybanelinje 2 mot Fyllingsdalen. Gir han pengar til Åsanebanen, blir det fort politisk krise i Bergen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Viss regjeringa vil, kan dei lage store problem for byrådet i Bergen i tida framover.

I mars kjem Nasjonal transportplan (NTP).

Namnet får blodet til å bruse hos enkelte, og rullegardina til å gå ned hos andre.

Men alle bergensarar bør heise gardina raskt opp igjen: NTP i år avgjer framtida til Bybanen.

NTP er regjeringas samferdselsprioriteringar for dei komande åra. Skal det bli bane til Åsane, bybane stå høgt på den lista.

Kva regjeringa endar med å gjere, er det enno svært få som veit.

Men på rådhuset i Bergen er det fullt av spekulasjonar, og fleire som uroar seg.

Bybanen er framleis den største og viktigaste saka i bergenspolitikken. Denne våren kan den velte eit byråd.
Les også

Taus om når tunnelutredningen kommer: – Jeg er her for å lytte

Nokre av dei er noko så sjeldan som vestlendingar som håpar det ikkje kjem samferdselskroner hitover.

Les hele saken med abonnement